No forlatar vi Sydney, og det einaste som trostar oss no er at vi veit vi skal tilbake. Paa grunn av at vi kun har 2 veker att, maatte vi velge oss ut berre nokre faa plassar. Den reisa vi har hatt no kunne vi brukt eit heilt aar paa. Avstandane her er veldig store, ikkje so rart med tanke paa at det faktisk er storre enn Europa. Etter ei natt i Surfers Paradise kom vi fram til Sunshine Coast, der bur Marit (ei veninne av Maija ) som tok godt i mot oss. Det var veldig godt aa faa bu i ei leiligheit med eiga seng, dusj og god mat. Topp vert, takk til deg Marit J Ho introduserte oss og for australske spesialitetar. Vi kan nevne vegemite, eit australsk paalegg som smakar salt og ser ut som sjokoladepaalegg. Ingen stor suksess. Tim-tam derimot, fall meir i smak. Dette er sjokoladekjeks som man skal dyppe i te eller kaffi og suge drikka gjennom. Ho viste oss og rundt paa universitetet, der hoppar nemleg kenguruane rundt i hagen. Dei hadde ein teknikk som Ole Morten ville blitt imponert over. Vi provde so godt vi kunne og etterligne, men utan hell.
Neste stopp paa programmet var campingtur paa Fraser Islands, verdas storste sandoy. Her blei vi delte inn i grupper og fekk utdelt campingutstyr, telt og ein bil. Etter aa ha shoppa mat for 250 dollar, la vi av gaarde klare for to netter i bushen i Australia. Vi hadde paa forehand hoyrt at det skulle vere mange store edderkoppar og dingoar (farlege hundar som kan angripe), so litt nervose var vi nok. Etter to svette netter, mange maaltid med sand i maten, og mange flotte plassar, var vi klare for aa komme tilbake til sivilisasjonen.
Etter ein 14timars busstur kom vi fram til Airlie Beach. Her var det segling som stod for tur. Vi hadde ein fantastisk tur med bra veir, god stemning, herleg mat, mykje snorkling og kjekke folk. Anbefalast paa det sterkaste!
Looking for inspiration for your next trip?
Read much more about Ástralía on the KILROY travels website

