No er vi klar for action. Post 1 er fallskjermhopp paa Mission Beach. Vi blei henta av ein buss som skulle koyre oss dit. Daa fekk vi beskjed om at veiret var veldig ustabilt, og det ikkje var sikkert om vi kunne hoppe. Men da vi endeleg kom fram gav dei oss tommel opp. Daa kjende vi verkeleg at pulsen auka, heldigvis var vi forste mann ut. Etter ein time med mykje tripping og mange doturar, kom navna vaare opp paa tavla og no var det ingen veg tilbake. Flyet gjekk opp til 14 000 fot over Great Barrier Reef, og luka blei slaatt opp. Forste mann ut var Maija, folelsen er vanskeleg aa beskrive, einaste eg kan sei er at det maa provast!! Rett etter kom Helene, som fekk lov til aa hoppe staande ut av flyet.
Dagen etterpaa drog vi av gaarde paa cruise over Great Barrier Reef. Her saag vi flott korallrev, mange fargerike fiskar, og ikkje minst ein flokk med delfinar. Vi hadde betalt for eit dykk, men dette hadde vi eigentleg lagt i fraa oss. Heilt til instruktoren kom aa tvinga oss medd, noko som vi er glade for. Det er veldig kjekt aa ha dykka, og vi kjem garantert til aa gjere det igjen.
Imaara gaar turen tilbake til Sydney for ei siste natt i Australia, foer turen gaar vidare til Afrika.
See ya!
Looking for inspiration for your next trip?
Read much more about Ástralía on the KILROY travels website


morfar sei meg; hoppa du åleine frå fly??? I så fall; Galskap!
Helene nei hoppa ikkje aleine! ekje so gala :)