6 jenter, ei dame og ein guide la av gaarde til vaar foerste `bushcamp` i ein monstertruck som saag ut som ein soeppelbil. Til tross for at vi var langt vekke fraa sivilisasjonen fekk vi aldri gaa aleine. Buffalo, giraffar, loever, og antiloper sirkla nemmleg rundt alle campane vaare, og det har vore apar som provar aa komme seg inn i hyttene.
Fleire gongar i loepet av turen var vi paa noko som blir kalla "game drive". Daa koyrte vi rundt i bil i haap om aa sjaa "the big 5" (loeve, leopard, nasehorn, elefant og buffalo). Det var veldig spennande i starten, men blei fort litt kjedeleg naar det var faa dyr aa sjaa. Kruger nasjonalpark er eit stort omraade, og sidan vi sto opp tidleg (rundt 6) kvar dag duppa vi av opp til fleire gangar mellom dyra. Hoegdepunktet her var aa sjaa nokon store kattedyr (likna veldig paa geopard) som skjeldan viser seg til folk. Ellers var parken etter vaar meining daarleg samanlikna med ein annan vi besoekte seinare paa turen. Her saag vi giraffar, elefantar, sebraer, nasehorn og mange andre interessante dyr heile tida!
I tillegg til "game drive" besto dagane i aa gaa turar i skogen, jungelen og fjellet. Det var veldig spennande og utfordrande. Dei andre paa gruppa forsto fort at vi ikkje var spesielt glad i edderkoppa og andre smaadyr, saa dei verna oss saa godt dei kunne.
Vi var ogsaa hoegt oppe i dei Soer-Afrikanske fjella der vi hadde nokon veldig flotte fjellturar. Vi budde i koselege hytte paa ca 1800m der vi fyrte i peisen om kvelden og lagde varmeflaske til natta. Det blei likevel saa kaldt at Helene bestemte seg for aa ta ei ekstra madrass over seg! Saag en smule morsomt ut!
Vi kjoyrte gjennom Swasiland, eit lite land i Soer-Afrika. Der har desverre halve befolkninga AIDS, kongen har 15 koner og faar ei ny jomfru kvart aar. Det blir ogsaa delt ut kondomar paa grensa.
Etter Swasiland var vi innom ein lokal high school der ei klasse sang for oss. Dei hadde fantastiske stemmer og skulen blei dreven av stoette fraa turistane, pluss at det var Noreg som betalte straumen deira.
Overnattingplassane har stort sett vore bra med nokon unntak. Eine plassen minte sterkt om aa sove i eit revehus, men ellers overgjekk det forventingane vaare. Vi har ogsaa vore paa vinsmaking, noko som ikkje var en stor sukse dagen derpaa og klokka 10 om morgonen.
Hoegdepunktet paa turen var utan tvil aa hoppe ut ifraa ei bru med berre ein strikk rundt beina. Brua var 216m hoeg, og strikkhoppet er dermed verdens hoegaste!! Foerste etterspretten var hoegare enn verdens nest stoerste strikkhopp og tredje etterspretten var hoegare enn verdens tredje stoerste strikkhopp. Men det skal og seiast at vi var meget redde naar vi kom paa brua, men foelelsen idet vi hoppa ut var fantastisk :) Absolutt aa anbefale.
Det har vore ein kjempe fin tur som har overgaatt forventingane vaare. Til tross for ei meget variert gruppa har det gaatt bra aa vere ilag i 18dagar.
(faar ikkje lagt ut bilde, men trur dokke kan sjaa albuma som vi er tagga i paa facebook!)
Looking for inspiration for your next trip?
Read much more about Suður-Afríka on the KILROY travels website


Sannah Herregud, hoppe fra fly OG bru! Daredevil(s)! :-O