Ei veke har gaatt og vi er allereie fulle av opplevingar. Etter ein travel start er vi no komt til hektene.
Vi kom fram til Bangkok etter eit doegn med reising, ein by vi foroevrig ikkje har eit spesielt godt inntrykk av.
Den er forureina, skjeten, mykje slum og rare lukter.
Ikkje nokon plass for to troette og bleike nordmenn, som lengtar etter sol og strender. Men foer det ventar jungelen i Chiang Mai.
Transportmiddelet var tog, der luksusen var so som so. Mange ekle innsekt og ein lite innbydande do oekte ikkje standaren.
Men paa toget fikk vi vaare foerste vennar (sjaa bilde), eit koseleg par fraa Australia som delte sine reiseerfaringar med oss.
Neste stopp: Chiang Mai. Her blei vi moett av Mr.Thai som stod og vifta med eit skilt: Helrne Aska og Maija EGGE. Dette var
ein by vi allereie fra foerste dag likte godt. Hyggelege folk, reint og lett aa finne fram. Naar vi i tillegg fekk grove
skiver til frukost blei vi nesten forelska.
Tidleg neste morgon blei vi henta og plassert paa lasteplanet paa ein bil. Ingen sikkerhetsbelte her nei! Gruppa var ei god blanding av alt.
Ein livsglad tyskar, ei skravlande dame fra USA, to koselege jenter fraa Australia, ei franskdame med mykje mimikk og handbevegelsar, eit nederlansk par med svake anklar, og to spreka svenskar. Men ein ting hadde vi felles, alle elskar aa reise!
Gaaturen til foerste overnattingsplass skulle ta 2-3 timar, men grunna svake anklar og ein slapp amerikanar tok det litt lenger tid.
Det var mykje klaging og syting paa veien, men vi foelte egentlig at vi var paa tur med ein gjeng pensjonistar som hadde lagt igjenn
rullatorane sine heime :)
Om kvelden kosa vi oss rundt baalet (sjoelv om vi satt nervose med lommelykta for aa vokte oss for alle dyra) etter nok eit rismaaltid.
Natta bydde paa ei kald oppleving. Her var det ikkje nok med devold og tjukkelabbar. Snorkinga til tyskaren og kakklande hoener
gjorde det ikkje betre..
I landsbyen budde det 146 mennesker, der livet handla om aa overleve. Ingen sjukehus,legar, butikkar eller elektrisitet.
Likevel var dei veldig blide og gjestfrie. Moetet med desse menneska gjorde sterkt inntrykk paa alle.
Etter ein dag med enda meir gaaing og elefantriding, avslutta vi kvelden med ein drikkeleik. Det blei servert lokalprodusert whiskey
og vi blei maalte med sot i ansiktet. Noko som blir tradisjon naar vi kjem heim :)
Siste dagen segla vi "heim" paa ei bambusflaate gjennom jungelen i 4 timar. Vi tok farvel med gruppa etter ein vellykka tur.
No er vi tilbake i Chaing Mai og gledar oss til aa reise soerover paa loerdag, sjoelv om turen blei litt dyrare enn planlagt.
Vi har allereie leart at det aa veare ute i siste liten ikkje loennar seg oekonomisk. Mannen paa reisebyraaet lo av oss naar vi sa vi skulle til Phuket i morgon.
Men tur soerover til Krabi blir!
Takk for oss!
Looking for inspiration for your next trip?
Read much more about Tæland on the KILROY travels website

