Daa har vi avslutta Thailandeventyret for denne gang! Etter Chiang Mai tok vi fly til Krabi der vi slappa av nokre dagar. Hotellet skulle ligge i hovudgata, men merkeleg nok fann vi ingen restaurantar i naerleiken. Skulle nesten tru at vi var komne til Reed etter at Reedkroa var lagt ned! Men vi endte opp med take away fra 7-eleven. Inga stor matoppleving! Dagen etterpaa tenkte vi oss paa stranda. Spoersmaalet var korleis. Etter litt fram og tilbake endte vi opp paa kvar vaar scooter foer vi tok tuk-tuk (ein moped med sidevogn) til stranda. Avstanden var 17km og etter blikka som moette oss fraa andre bilistar sjoente vi at dette ikkje var det beste transportmiddelet. Omsider kom vi fram til ei fin strand der vi slappa av ei stund, foer vi blei skremt vekk av ei regnbye!
Etter nokre dagar i ro tok vi fatt paa nok ein transportetappe. Denne gang til Koh Phangan. Vi kom fram seint paa kvelden og blei ikkje saerleg glad naar vi opdaga at hotellet var nord paa oeya, ca 1t koeyring. Dette var den verste vegen og sjaafoeren vi nokon gang har vore bort i. Vurderte serioest aa hoppe av, men ein bekmoerk jungel var ikkje so fristandes det heller! Nedstoeva og skjelvne kom vi fram til ei lita idyllisk paerle som skulle vere vaar heim dei neste dagane. Paa denne oeya var det tid for turens foerste fest. Kvar gang det er fullmaane samlast mellom 7-30 000 festglade menneske seg fraa heile verda paa denne oeya. Vi blei mala i ansiktet, drakk fraa boetter, og generelt var stemninga paa topp!
Etter dette reiste vi til Phi Phi island. Dette er ei oey utan bilar, noko som hoyrest veldig idyllisk ut. Problemet er berre at dei blir erstatta av irriterandes syklistar som du stadig maa vike for i smale gater! Bortsett fraa dette er det ein heilt fantastisk plass. Strendene er krittkvite, havet turkist og folka veldig hyggelege. Ein av dagane for vi paa baattur og snorkla. Vi besoekte Maya bay der filmen "The beach" med Leonardo DiCaprio blei spelt inn, Monkey beach og andre avsidesliggande plassar.
Kort oppsumert er Phi Phi island eit mekka viss ein likar sol, strender, folk ifraa Australia og soeta bror! Vi blei her i 11 dagar :)
Looking for inspiration for your next trip?
Read much more about Tæland on the KILROY travels website

